mandag 25. januar 2010

Sonemeisterskap U17 13.2 og U19 14.2 i Naustdal.

Uttak U17: Marina Gjøringbø, Oda Heggedal Longvastøl, Randi Horstad,
Caroline Helle, Annette Kalland, Benedikte Kalland, Gunn Elisabeth Hukset,
Bente Finsrud, Astrid Marie Erdal, Silje Undal, Veronika Espeseth og
Evita Kvammen.
Uttak U19: Linda Apneseth, Frida Hjelle Aamot, Trude Vallestad,
Ina Steiro Herstad, Oda Heggedal Longvastøl, Caroline Helle,
Marina Gjøringbø, Randi Horstad, Benedikte Kalland,
Annette Kalland, Gunn Elisabeth Hukset og Bente Finsrud.

Info: Tambar er arrangør og spelarar og foreldre må rekne med dugnad
i samband med meisterskapa. Dvs. kiosk, tilrigging og opprydding m.m
Renate Gjøringbø og Bjørg Horstad vil sette opp liste på det.
Men fint om du gir beskjed til føresatte at det blir dugnad denne helga.
Dette er kvalik til NM, dermed også begrensa med speletid på alle.
Gi meg beskjed viss du ikkje ynskjer å vere med.
Regionen som vi er i har to plassar pluss ein bonusplass.
Dvs vi må bli blant dei tre beste for å komme til NM.
Lagleiar for U17: Siw og Sturle U19: Ikkje avklart
Sturle

søndag 17. januar 2010

Miniseminar om kosthald

Onsdag 20.01.10 arrangerar volleyballgruppa eit lite miniseminar om kosthald. Seminaret gjeld spelarar i frå U16, D2 og D1, trenarar og oppmenn. Det er også plass til foreldre for dei som ynskjer det.

Plan for kvelden:
Det vert felles oppvarming med Anne Marit frå 18.30-19.10. Så vert det balltrening i frå 19.15-20.30.
Etter treninga skal Anne Schei, folkehelsekoordinator i Naustdal kommune, og Olaug Nordheim ha eit lite seminar om kosthald. Seminaret varer i frå 20.30-21.30.
Stad: det klasserommet i 2.etasje som er nærast utgangen.

Volleyballgruppa
v/Sturle