søndag 27. juni 2010

Sommartrening

Dårleg oppmøte på gjennomkøyring av treningopplegg på torsdag.
Vi prøver igjen på onsdag 30.6 kl.18.30 på bana.
Dag-Rune og Sturle stiller opp nokre onsdagar framover for at
treninga blir gjennomført slik den skal.
Vil presisere at treninga i sommar skal styrast av kvar enkelt, men
kravet frå trenarar er at når ballsesongen startar må alle vere i god form.
Alle skal skrive treningsdagbok.
Sturle

søndag 20. juni 2010

Treningsdagbok

No er treningsdagboka på plass også, og her kan de skrive ned kva de gjer på i løpet av sommaren. Ein fin ting å bruke!
HER finn du dagboka.

lørdag 19. juni 2010

Korleis trene i sommar

Dag-Rune og Sturle har laga ein liten treningsplan for korleis ein kan trene i sommar for å bli mest mogleg førebudd til innandørssesongen startar att.
Den planen kan du finne HER (trykk på HER).