onsdag 10. mars 2010

Treningssamling for Tambar IL Volleyball og Førde VBK

Trenar frå Topp Volley : Arvid Wigestrand
Målgruppe: gutar f 94/95/96 og jenter f 93/94/95/96 + alle trenarar som har tid/lyst.

PROGRAMMET FOR HELGA:

Fredag 12.mars i Førdehuset
kl 17-19: Førde VBK Gutar 94/95/96 – gruppe på ca 20-24 spelarar

Fredag 12 mars i Naustdalshallen

kl 18-20: 2 div kamp Tambar 2 - Førde 3

Laurdag 13.mars i Naustdalshallen:
kl 11-13: jenter 93/94 (jentene møter opp seinast 10:40 for å lage til baner og starte oppvarming)

kl 13-14: Matpause

kl 14-16: jenter 95/96 (jentene møter opp seinast 13:40 og startar oppvarming)

øndag 14. mars i Naustdalshallen:
kl 11.30-13.30 jenter 93/94
ca kl 14:30 2 div kamp Tambar 2 - Førde 4

Kafé i Naustdalshallen: Det vil vere tilbod om middagservering på skulen i kantina søndag frå kl 14

Vi prøvar og å få til eit felles måltid mellom øktene for trenarane som deltek heile laurdagen

Mellom treningsøktene vil trenarane ha høve til å prate seg i mellom og få innspel frå Wigestad og. Vi får elles utdelt ein cd med massevis med øvingar, illustrerte med små videosnuttar. Denne skal vi kopiere opp, slik at alle trenarar i klubben får, også dei som ikkje har høve til å vere med i helga.

Kontaktpersonar, dersom spørsmål:
Siw Heggedal Longvastøl – mobil 90074974

Torill Gundersen Faleide – mobil 90738527

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar